Til venstre: Sverre Heggset, Landbruk Nordvest slår ned rammer til måling av utslepp av drivhusgassane metan og lystgass. Til høgre: Skisse for omgraving av myr (Foto: Sissel Hansen. Tekning: Madlen Berent)
Til venstre: Sverre Heggset, Landbruk Nordvest slår ned rammer til måling av utslepp av drivhusgassane metan og lystgass. Til høgre: Skisse for omgraving av myr (Foto: Sissel Hansen. Tekning: Madlen Berent)

Omgraving av myr for å redusere klimagassutslepp frå organisk jord (PEATINVERT)

Målet for Peatinvert er å undersøke om omgraving av myr reduserer klimagassutslepp i høve til tradisjonell røyrgrøfting, og samanlikne klimagassutsleppa frå begge dyrkingssystema med udyrka myr.

Delmål

Studere korleis omgraving påverkar nedbryting av torv

Estimere karbonbalansen i omgraven og grøfta myr med grasproduksjon

Samanlikne emisjon av metan (CH4) frå omgraven, grøfta og udyrka myr
Undersøke korleis bakteriell metanoksidering påverkar klimagassbalansen på omgraven og grøfta myr Studere gjødselindusert emisjon av lystgass (N2O) på omgraven og grøfta myr
På eit forsøksfelt i Fræna med middels djup myr over silthaldig sand vert det samanlikna vanleg grøfta myr og omgravd myr. I ei omgravd myr er mineraljord frå undergrunnen lagt oppå myra i minimum 50-60 cm djupne, og skråstilte lag med mineraljord drenerar til undergrunnen. Vi undersøker verknad på avling, bæreevne, nitrogenutnytting og utslepp av drivhusgassane N2O og CH4 og om omgraving beskyttar torva mot nedbryting. NORSØK si rolle er å bearbeide, oppsummere og publisere resultat om utslepp av N2O og CH4 i samarbeid med prosjektgruppa.

Du finn meir om prosjektet her: PEATINVERT

Prosjektdetaljar (1)

Prosjektnummer:NFR/267456
Prosjektleiar: Synnøve Rivedal, NIBIO, Fureneset
Prosjektdeltakarar NORSØK:Sissel Hansen og Peggy Haugnes
Samarbeidspartar: NIBIO, NMBU og Landbruk Nordvest
Finansiering:Norges forskningsråd/ Forskningsmidler for jordbruk og matindustri, Fylkesmennene i: Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Trøndelag og Nordland, Landbruksnæringa ved samarbeidsråda for landbruket på Vestlandet og Midtnorsk Samarbeidsråd, Landbruk Nordvest, Norske Felleskjøp og TINE
Tidsperiode: