Bark inneheld tanninar (garvestoff). Er det mulig å utnytte dette som middel mot mage- og tarmparasittar hos drøvtyggarar? (Foto: Olaf Østbø. NIBIO)
Bark inneheld tanninar (garvestoff). Er det mulig å utnytte dette som middel mot mage- og tarmparasittar hos drøvtyggarar? (Foto: Olaf Østbø. NIBIO)

BarkCure: Kondenserte tanninar i bark frå norsk furu og gran – antiparasittiske effektar og potensiell kommersiell utnytting

Hovudmålet med prosjektet er å vurdere potensialet til kondenserte tannin (CT) i bark frå norske bartre, eit biprodukt i frå skogindustrien, som fôrtilskott som middel mot mage- og tarmparasitter hos drøvtyggjarar.

Det vil vi oppnå ved å:

  • Kartlegge innhaldet av CT i bark frå gran og furu frå ulike årstider og lokalitetar for  biologisk (antiparasittisk) aktivitet
  • Karakterisere den kjemiske samansetjinga av CT med varierande biologisk aktivitet for å avdekkje samanhengen mellom kjemisk struktur og biologisk aktivitet
  • Evaluere metodane for avbarking og effekten det har på barken som produkt for å ekstrahere CT
  • Utvikle en oppskalert, miljøvennleg prosess for ekstrahering av CT frå bark, og produsere mengdene som trengs som fôrtilskot  
  • Verifisere antiparasittisk ektivitet hos dyr
  • Evaluere verdikjeda av barkproduksjon, potensielle volum og vidare forsking og utvikling som trengs for framtidig kommersialisering av CT-produksjon

Kondenserte tannin (CT) blir rekna som antinæringsstoff som kan redusere opptak og fordøying av fôr og gje nedsett produksjon hos husdyr. Men det er vist at moderate mengder av CT i dietten kan redusere problema med parasittiske nematodar og protozoar i mage og tarm hos drøvtyggjarar. Fôrplanter som inneheld tannin er ikkje godt tilpassa norske dyrkingsforhold, men bark frå bartre kan ha høgt innhald av CT, og Noreg har ein sterk skogindustri som kan vere ei mogleg kjelde til tannin. I det foreslåtte prosjektet vil vi: 1) evaluere produksjonen av bark slik den er i dag med omsyn til utnytting i industriell prosessering av CT; 2) karakterisere kvalitet og kvantitet av CT i barkressursar og deira struktur-aktivitets relasjonar; 3) teste den biologiske aktiviteten av CT ekstrahert frå bark mot parasittiske nematodar in vitro og in vivo og parasittiske protozoar in vitro; 4) utvikle industriell ekstrahering og prosessering av CT frå bark.  Formidling av kunnskap frå prosjektet er prioritert og sikra gjennom samordna og integrerte aktivitetar. Prosjektet byggjer på ei koordinert samhandling mellom nasjonale og internasjonale aktørar innan forsking og industri.

Se nettside for BarkCure

Prosjektdetaljar (1)

Prosjekteigar:NORSØK
Prosjektleiar: Håvard Steinshamn, NIBIO
Prosjektdeltakarar NORSØK:Kristin Sørheim og Berit Marie Blomstrand
Samarbeidspartar: NIBIO, SINTEF, Norsk Treteknisk Institutt, Veterinærinstituttet, Scotland’s Rural College, Københavns Universitet., Bergene Holm AS , Norske Skog Saugbrugs AS, FK Fôrutvikling BA , Animalia, Norges Bondelag og Norsk sau og geit deltek i prosjektet gjennom ei rådgjevande ekspertgruppe
Finansiering:Forskningsrådet BIONÆR
Tidsperiode: