Rådgiver

Landbruks- og energirådgjevar

Landbruk Nordvest og NORSØK søkjer i fellesskap etter landbruks- og energirådgjevar i 100 % stilling. Den som vert tilsett vil bli tilsett i 50 % stilling i Landbruk Nordvest og 50 % stilling i NORSØK.

Aktuelle arbeidsområde er:
- klimarekneskap, biogass og anna fornybar energi på gardsbruk
- utvikle og drifte ulike energianlegg og strukturere data frå anlegga
- kurs og omvisingar for ulike målgrupper
- utarbeide informasjonsmateriell
- utvikle og gjennomføre forskings – og utviklingsprosjekt
- jord og pantefaglege tema


Kvalifikasjonskrav for stillinga:
- Universitets- eller høgskuleutdanning med solid kunnskap innan fleire av fagområda fornybar energi, jord og plantefag, klima og miljø i landbruket
- god i skriftleg og munnleg norsk
- førarkort klasse B

Det vil telje positivt med:
- erfaring og kompetanse innan drift av energianlegg
- relevant erfaring innan formidling og rådgjeving
- god kjennskap til norsk landbruk
- erfaring med bruk av aktuelle planleggings- og analyseverktøy

Personlege eigenskapar:
- er motivert for prosjektarbeid og formidling
- stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
- evne til å arbeide sjølvstendig og effektivt
- positiv innstilling og gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter

Rådgjevaren vil arbeide tett opp mot resten av rådgjevarkollegiet i Landbruk Nordvest, i Norsk Landbruksrådgiving og fagmiljøet i NORSØK.

Den som blir tilsett må disponere eigen bil. Oppstart snarast mogeleg. Løn etter avtale.

Nærmare opplysningar om stillinga:
Landbruk Nordvest: avdelingsleiar rådgjeving Jon G. Lied tlf 41 44 87 79, eller dagleg leiar Rune Sjåholm tlf 41 90 00 31.

NORSØK: dagleg leiar Turid Strøm, tlf 40 76 99 22 eller forskar Ingvar Kvande tlf 93 01 51 57.

Søknad med CV, vitnemål og attestar vert å sende elektronisk til post@norsok.no

Søknadsfrist: 24.01.20.
www.landbruknordvest.no / www.norsok.no/