Illustrasjonsfoto (Foto: Kristin Sørheim)
Illustrasjonsfoto (Foto: Kristin Sørheim)

Berekraftig verdiskaping i verdsarvområde?

Det trengs ei heilskapleg tilnærming for å løyse utfordringane om ein skal kunne nytte utmarksressursen til auka verdiskaping samstundes som ein tek omsyn til miljø og berekraft.

Store strukturendringar i primærnæringane våre har hatt omfattande lokale ringverknadar. Og i takt med at «den store distriktspolitikken» – som har vore berebjelken i norsk bygdepolitikk i fleire tiår – såg ut til å rakne, vart det no «den vesle distriktspolitikken» bygdene laut sette sin lit til. No skulle bygdene byggast med prosjektpengar. -Det som før hadde heitt «by og land – hand i hand» var no døypt om til «landbruk og reiseliv – hand i hand». -Innovasjon Norge og NHO-reiseliv satsa sterkt på nettopp destinasjonsutvikling, og få såg ut til å uroe seg nemneverdig for kva som kunne kome. -Gradvis kunne ein finne fleire og fleire lesarinnlegg og kronikkar frå lokalbefolkninga kring om i grendene som ligg i eller i nærleiken av dei store destinasjonane våre som klaga på for mange turistar, bubilar og forsøpling langs vegar og rasteplassar. I fjordbotnane låg røyken frå turistskipa sine tungoljedrivne generatormotorar som skodde langs fjellsidene og somme dagar kunne ein kjenne det svi i augo» - slik skriv Bjørn Egil Flø i situasjonsanalysen om utviklinga i verdsarvområdet Geirangerfjorden og Nærøyfjorden.

Ei gruppe av forskarar og forskingsinstitusjonar i Møre og Romsdal fekk støtte frå Norges forskingsråd for å sjå på korleis ein kan nytte utmarksressursen til auka verdiskaping samstundes som ein tek omsyn til miljø og berekraft. Hovudmålet med arbeidet var å sjå verdien til utmarksressursane på ein ny måte, gjennom nye samarbeid mellom primærnæringane og andre næringar og nye forretningsmodellar og å prioritere forskings- og kunnskapsbehov.

Verdiskaping basert på utmarka i verdsarvområda kan ikkje sjåast isolert, men er tett knytt til heile samfunnsutviklinga på desse stadene. På gardsnivå er bruk av utmark og innmark del av eit system og ein heilskap. Det tradisjonelle landbruket i desse områda har skapt verdfulle naturgode som biologisk mangfald, opne turområde med høg rekreasjonsverdi, turstiar og anna. Kulturlandskapet er også viktig for verdsarvstatusen i seg sjølv, ettersom dette er ein viktig del av kjerneverdiane til området.
Utviklinga i landbruket gjer at tungdrivne areal også i verdsarvområda går ut av bruk. Opphøyr eller låg bruksintensitet går spesielt ut over utmarksressursane og dei seminaturlege naturtypane. Utmarka i Geirangerfjordområdet er særleg trua, da tradisjonell bruk med beiting, slått og hausting no i stor grad har teke slutt, og naturtypane gror att med buskar og kratt. Medan gjengroing på den eine sida fører til tap av variasjon, artar og økologiske funksjonar, ville på den andre sida intensivering av landbruket med plantevernmiddel, kunstgjødsel og store mengder husdyrgjødsel også forringe naturverdiane og landskapskvalitetane.

Gjeldande landbrukspolitikk, med mål om stordrift og effektivisering av matproduksjonen, er ei sterkare drivkraft enn dei tiltaka som er sett inn for å bremse og motverke at tungdrivne areal går ut av bruk i verdsarvområda.

Store delar av landskapet er eigd av og vert rådd over av bruk der det tidlegare var landbruksaktivitet, men som no er hobbybruk eller reine fritidsbustadar. Ofte har desse eigarane korkje tid, økonomisk evne eller kompetanse som gjer at dei skal kunne bidra aktivt i landskapspleie og god forvaltning. Men likevel er desse bruka å sjå på som ein av nøklane til endring. Først når ein har utvikla gode modellar for å få med også desse, kan ein ha von om å finne farbare løysingar. For at landbruket ikkje berre skal vere eit «kulisselandbruk», men vere del av eit berekraftig driftssystem, må tilgjengelege arealressursar på innmark og utmark nyttast til matproduksjon og andre livsviktige økosystemtenester. Slike driftssystem må bidra til å oppretthalde naturtypar, biologisk mangfald, kulturminne og kulturlandskap.

Artikkelen held fram under

Her er mange aktørar og ulike interessentar, men det er i praksis lite kontakt mellom desse, og vi ser at dei store aktørane har høve til å gjere mykje som dei sjølve ønskjer – særleg kva gjeld det å delta aktivt og forpliktande i planleggingsarbeid og å bidra økonomisk i gjennomføringa.

Det trengs dermed ei heilskapleg tilnærming for å løyse utfordringane. Ein prosess som forskyv maktbalansen frå eksterne aktørar innan masseturisme og i retning lokalt næringsliv, verdiskaping og som inkluderer innbyggarane, krev nytenking, utvikling av nye forretningsmodellar og evne til gjennomføring gjennom demokratiske planprosessar og god styring. Frå intervju med bønder er det ytra prosjekttrøyttleik, og frustrasjon av å «bli forska på» i staden for å bli inkludert og integrert i utviklingsarbeidet av landbruk og tilhøyrande politikk og samarbeid med andre næringar.

Av ulike konkrete verkemiddel som kan prøvast ut, men da helst som element i ein større endringsprosess, vil vi peike på særskilde landbrukspolitiske verkemiddel i retning sveitsisk modell, turistskatt, anna betaling for fellesgode, bygdeutviklingsprosjekt som kan gi auka tilflytting og ny næringsaktivitet, til dømes meir gardsdrift i kombinasjon med turisme/gardsmat. Ei styrt omlegging frå masseturisme mot ulike nisjar innan opplevingsturisme vil truleg og føre til at utmarka blir meir etterspurd. I prinsippet kan ei slik endring gjere det lettare å få lokal verdiskaping gjennom ulike turisttilbod, men det kan og oppstå interessekonfliktar om bruken av utmarka.

Berekraftig verdiskaping knytt til utmarka i verdsarvområda må ta omsyn til kompleksiteten i utfordringane, og desse ikkje kan løysast utan å sjå dei naturfaglege utfordringane saman med drivkreftene i heile samfunnsutviklinga. Partnarskap som metode er ei tilnærming som byggjer på forankring og involvering av alle aktørar. For ei vellukka lokal utvikling er truleg breie, gode samarbeid lokalt ein føresetnad, og det er framleis behov for meir kunnskap.

Du kan lese meir i NORSØK Rapport vol.4, nr.8, 2019: Berekraftig verdiskaping i verdsarvområde- Kan store verdiar knytt til utmarka gje auka lokal verdiskaping? av Sørheim, Kristin; Barstad, Johan; Bergslid, Rose; Fet, Annik Magerholm; Flø, Bjørn Egil; Lande, Unni Støbet: Solemdal, Liv; Steinshamn, Håvard; Velle, Liv Guri.

Vi bruker informasjonskapsler (cookies)

Som de aller fleste nettsteder bruker vi informasjonskapsler (cookies) for at du skal få en optimal brukeropplevelse. Vi kommer ikke til å lagre eller behandle opplysninger med mindre du gir samtykke til dette. Unntaket er nødvendige informasjonskapsler som sørger for grunnleggende funksjoner på nettsiden.

Vær oppmerksom på at blokkering av enkelte informasjons-kapsler kan påvirke hvilket innhold du ser på siden. Du kan lese mer om bruk av informasjonskapsler i vår personvernerklæring.

Under kan du se hvilke informasjonskapsler (cookies) vi bruker og hvordan du administrerer dem:

Nødvendige cookies

Sikrer grunnleggende funksjoner, nettstedet vil ikke kunne fungere optimalt uten slike informasjonskapsler. Disse er derfor vurdert som nødvendige og lagres automatisk uten foregående samtykke.

Skal du benytte skjema på våre nettsider? Øvrige funksjoner på siden påvirkes ikke dersom du lar være å samtykke, men vil kunne gi mindre funksjonalitet ved utfylling og lagring av skjema. Informasjonen blir slettet fra nettleseren etter 90 dager.

Disse informasjonskapslene gir oss innsikt og forståelse av hvordan nettsiden vår brukes av besøkende. Vi bruker analyseverktøyet Google Analytics som blant annet kan fortelle oss hvor lenge en bruker oppholder seg på siden eller hvilken side man kommer fra. Informasjonen vi henter er anonymisert.

Ved å huke av for denne tillater du bruk av tredjeparts-informasjonskapsler, som gjør at vi kan tilpasse innhold basert på det som engasjerer deg mest. Disse hjelper oss å vise skreddersydd innhold som er relevant og engasjerende for deg, for eksempel i form av annonser eller reklamebanner.

Tredjepartsinformasjonskapsler settes av et annet nettsted enn det du besøker, for eksempel Facebook.