Borgny Hatlestad Tveekrem blir ny dagleg leiar ved NORSØK - Nyheter - Norsøk

Borgny Hatlestad Tveekrem blir ny dagleg leiar ved NORSØK

NORSØK får ny dagleg leiar. Borgny Hatlestad Tveekrem (52) tek over leiinga ved Norsk senter for økologisk landbruk frå 1. oktober 2026, og har med seg lang erfaring frå leiing i kunnskapsintensive organisasjonar – og eit liv tett på jord og dyr.

Borgny Hatlestad Tveekrem er NORSØKs nye leiar.
Borgny Hatlestad Tveekrem er NORSØKs nye leiar.

Borgny er oppvaksen på gard og busett på Øydegard i Tingvoll, der ho sjølv driv eit sauebruk. Ho har mastergrad frå Noregs landbrukshøgskole (no NMBU – Noregs miljø- og biovitskaplege universitet), med studieretning økonomi og ressursforvaltning. Det meste av yrkeslivet har ho hatt i energibransjen, der ho har bygd solid kompetanse innan leiing, prosjektleiing, økonomi og budsjettstyring, digitalisering og strategiutvikling.

– Motivasjonen min for jobben er at eg ynskjer å ha ein jobb som betyr noko og som kan skape ein forskjell. Eg meiner at NORSØK sitt arbeid for økologisk landbruk er svært viktig både for utviklinga av norsk landbruk og for å skape ei berekraftig framtid. I tillegg er eg imponert over at NORSØK har klart å bygge eit så godt og sterkt fagmiljø og behalde og utvikle den kompetansen over lang tid.

NORSØK sin nye leiar har eit nært forhold til landbruket. Her med sauene sine på beite heime på Nordmøre. (Foto: Privat)
NORSØK sin nye leiar har eit nært forhold til landbruket. Her med sauene sine på beite heime på Nordmøre. (Foto: Privat)

Eit fagmiljø i positiv utvikling

Borgny kjem til eit NORSØK i positiv utvikling. Dei siste åra har senteret styrkt staben med fleire nye medarbeidarar, rådgjevarar og forskarar som er tidleg i karrieren. Saman utgjer dei eit breitt og veksande kompetansemiljø innan økologisk og berekraftig landbruk.

– Styret i NORSØK er svært godt nøgd med å få Borgny som ny dagleg leiar, seier Arne Magnus Aasen, styreleiar i NORSØK. – Ho har kunnskap og erfaring som er eit viktig supplement til kompetansen alle dei dyktige medarbeidarane ved NORSØK allereie har.

Avtroppande dagleg leiar Turid Strøm skal bidra til å setje Borgny inn i dei ulike aktivitetane ved senteret. Ho vil difor vere tilsett i ei deltidsstilling ein periode etter 1. oktober.

– Vi ønskjer Borgny hjarteleg velkomen til NORSØK!