Kastrater på utmarksbeite kan gi meir berekraftig kjøtt
Det går an å produsere storfekjøtt med låg bruk av importerte innsatsfaktorar og god dyrevelferd. Ein analyse av seks norske gardar viser at kjøttproduksjon på kastratar med to sesongar på utmarksbeite kjem godt ut når berekraft blir vurdert samla.

Klar politisk målsetting
Bakgrunnen er ei klar politisk målsetting om å bruke meir utmarksbeite i norsk landbruk. Samtidig står godt over halvparten av beiteressursane i utmark ubrukt. I denne studien har NORSØK undersøkt seks gardar frå Trøndelag til Telemark med hjelp av analyseverktøyet SMART, som vurderer berekraft på gardsnivå innan miljø, økonomi, sosiale forhold og styring. Resultata viser gjennomgåande gode og svært gode vurderingar.
Lite kraftfôr
Ein viktig grunn er at kastratane i hovudsak lever av grovfôr og beite, med svært lite kraftfôr. Dyra går lenge ute, først på innmarksbeite, så i utmark om sommaren, og ofte attende på beite utover hausten. Fleire bønder peikar på at dei ønskjer å produsere mest mogleg mat på eigne ressursar, og at utmarka difor må brukast. Dette gir god ressursutnytting og styrkjer den miljømessige berekrafta.
Analysen peikar også på andre plussfaktorar. Beiting i verdifulle jordbrukslandskap bidreg til å halde kulturlandskap i hevd. Noko som bidreg til å bevare biodiversitet og trua artar. Ein stor andel av dei rauslista artane i Noreg er knytta til naturbeitemark som blir benytta i desse produksjonene.

Låg inntening - låge kostnader
Sjølv om sjølve kjøttproduksjonen ikkje gir høg inntening, kjem gardane likevel godt ut økonomisk i analysen. Det handlar mellom anna om låg gjeld, enkle bygningskrav, god bruk av eigne fôrressursar, stabile avlingar og kompetanse hos bonden. Samstundes viser studien at denne driftsforma kan styrkje levande lokalsamfunn, både gjennom lokale innkjøp, frivillig innsats og større openheit om drifta.
Samtidig er det ei utfordring at kastratar veks seinare enn oksar og ofte kjem dårlegare ut i klassifiseringssystemet, sjølv om kjøttkvaliteten er svært god. Skal fleire bønder satse på kjøttproduksjon basert på grovfôr og beite, trengst det betre økonomiske vilkår og betre betaling for kvalitet. Det kan vere eit viktig grep for å ta meir av den norske utmarka i bruk.
Les meir:
Bergslid, I.K. (Rose) og Ebbesvik, M. (2026) Bærekraftig kjøtt fra kastrater på utmarksbeite. NORSØK Faginfo, nr. 3, vol. 11. Tingvoll: Norsk senter for økologisk landbruk. ISBN 978-82-8202-233-0.

