Fundament for vindmølle, Tingvoll gard, 16. juni 2015
Fundament for vindmølle, Tingvoll gard, 16. juni 2015

Nye løysningar – fornybar energi

Det skal etablerast eit forskings- og demonstrasjonsanlegg som kombinerer småskala sol-, vatn-, vind- og bioenergi til eit komplett energiforsyningssystem. Det skal utviklast på gardsbruk eller anna areal i Noreg.

Formålet er å undersøke potensialet for ein mer desentralisert energiproduksjon og energiforsyning, både når det gjeld klimagassutslepp, auka andel fornybar energi og  økonomi. Eksisterande etablerte energisystem på Tingvoll gard/Tingvoll sol- og bioenergisenter skal integrerast med gardsvindmølle, vassturbin og eventuelt nye solenergianlegg. På Tingvoll gard har ein allereie solenergianlegg, biogassanlegg med «Combined Heat and Power» og flisfyringsanlegg.  Dette pilotanlegget skal brukast til å studere tekniske og organisatoriske utfordringar og potensialet for etablering av kraftverk basert på ein miks av vind,-vatn,- sol og bioenergi på norske gardsbruk.

Prosjektdetaljer (1)

Prosjektnummer:2014-0151
Prosjektleder:Ingvar Kvande
Prosjektdeltakere NORSØK:Kristin Sørheim og Martha Ebbesvik
Samarbeidsparter: Trønderenergi AS, Nordmøre energiverk AS, Istad AS, Tower Bridge Ventures Limited (UK), Runde Miljøsenter AS, NIBIO og Tingvoll sol- og bioenergisenter