Tingvoll Gard

Tingvoll gard som forskings- og formidlingsarena

Garden er på til saman 955 dekar. Av dette er 175 daa fulldyrka areal og 65 daa beite. På garden blir det drive økologisk mjølkeproduksjon med omlag 20 årskyr. Eit forpaktarpar har ansvaret for drifta av garden.

Fjøs

I 2011 blei det bygd nytt fjøs for mjølkeproduksjon. Fjøset er uisolert, bygd i tre og har naturleg ventilasjon. Mjølkekyr og ungdyr har fri tilgang til lufteplatting når dei ikkje er på beite. Fjøset er lagt til rette for forsking, utprøvingar og formidling.

Areal

Tingvoll gard er drive økologisk sidan 1987. Frå 1987 og fram til og med 2015 er det gjort  kartlegging og registrering av jordforhold og avlingar. Dette materialet er eit unikt datagrunnlag for å vurdere utvikling av jordas næringsinnhald og avlingsnivå på eit økologisk husdyrbruk. Arealet kan nyttast til feltforsøk i økologisk produksjon

Biogassanlegg

Garden har eit biogassanlegg som produserer biogass av husdyrgjødsel frå garden og ulike tilleggssubstrat. Anlegget leverer varme til administrasjonsbygningen på garden. Anlegget har to rotnetankar og to ulike linjer for substrat, og blir nytta til forsking, kurs og informasjon.
Les meir: på www.sologbio.no

Tingvoll sol- og bioenergisenter

Tingvoll sol- og bioenergisenter er eit regionalt kompetansesenter, som skal arbeide for å auke interessa for og kunnskapen om sol- og bioenergi. Det skal òg medverke til berekraftig energibruk. Senteret har fullskala biogass-, flisfyrings- og solvarmeanlegg, samt demonstrasjonsanlegg for solstrøm. Vindmølle er under oppbygging. Senteret arrangerer, kurs, temadagar og omvising. Det er også  forsking knytt til anlegga senteret disponerer.
Les meir: www.sologbio.no

Stjernehagen og folkeparken

Stjernehagen er ein demonstrasjonshage for småhagebrukarar. I hagen får du tips og rettleiing om korleis grønsaker, urter og bær kan dyrkast på ein økologisk forsvarleg måte. Ein ynskjer å gi inspirasjon til bruk av nyttevekstar i hagane, og vise korleis pryd og nytte kan foreinast. Stjernehagen skal vera idébank og inspirasjonskjelde. Det blir halde kurs og aktivitetsdagar.  Ein del av Stjernehagen blir driven som skulehage. I skulehagen er det mogleg å drive pedagogisk forskings- og utviklingsarbeid, der ein koplar pedagogikk og naturbruk.
Stjernehagen heng saman med eit parkområde med stiar, ein liten klatrepark og dyreinnhegningar. I sommarhalvåret er det sau, geit, høner og grisar i innhegningane.
 Les meir :STJERNEHAGEN