Kjøkkenhagedag i Stjernehagen på Tingvollgard (Foto: Anita Land)
Kjøkkenhagedag i Stjernehagen på Tingvollgard (Foto: Anita Land)

Stjernehagen og folkeparken

Stjernehagen er ein demonstrasjonshage for småhagebrukarar.

I hagen får du tips og rettleiing om korleis grønsaker, urter og bær kan dyrkast på ein økologisk forsvarleg måte. Ein ynskjer å gi inspirasjon til bruk av nyttevekster i hagane, og vise korleis pryd og nytte kan foreinast. Stjernehagen skal vera idébank og inspirasjonskjelde. Det blir halde kurs og aktivitetsdagar.  Ein del av Stjernehagen blir driven som skulehage. I skulehagen er det mogleg å drive pedagogisk forskings- og utviklingsarbeid, der ein koplar pedagogikk og naturbruk.

Stjernehagen heng saman med eit parkområde med stiar, ein liten klatrepark og dyreinnhegningar. I sommarhalvåret er det sau, geit, høner og grisar i innhegningane.

Last ned Stjernehageguide (pdf)