Bilde Norsok

Om NORSØK

NORSØK held til i administrasjonsbygningen på Tingvoll gard på Nordmøre. Stiftinga er ei privat, sjølvstendig stifting og eit nasjonalt senter for tverrfagleg forsking og kunnskapsformidling for å utvikle økologisk landbruk. NORSØK forvaltar også Tingvoll gard, som skal drivast som eit økologisk gardsbruk. Arbeidet er forankra i dei internasjonale prinsippa for økologisk landbruk - helse, økologi, rettferd og varsemd.

NORSØK vil bidra med kunnskap for eit meir berekraftig landbruk og samfunn. NORSØK har både grunnleggjande og avansert forskingskompetanse og arbeider med rådgjeving og formidling av kunnskap.  Fagområda er økologisk landbruk og matproduksjon, miljø og berekraft og fornybar energi.

NORSØK har per i dag 17 tilsette. Dagleg leiar er Turid Strøm.