Du er nå på Startsiden!
 
Gå til Tingvoll gard
 
 

Første i landet

 

Tingvoll skal få det første økologiske opplevingssenteret i landet. Hovudtema for senteret vil vere økologisk matproduksjon og hagebruk, berekraftig energibruk og dyrevelferd. Dette skal bli eit senter der folk i alle aldre kan hente kunnskap, inspirasjon og idear til ein meir berekraftig livsstil. Eit regionalt kompetansesenter for sol – og bioenergi vil bli ein del av senteret.

Bak satsinga står Tingvoll kommune, Tingvoll Næringsforum,Møre og Romsdal Fylke, Norsk senter for økologisk landbruk (NORSØK) og Bioforsk Økologisk. Etterkvart
håper ein på å få med fleire samarbeidspartnarar for å bygge opp eit
kompetansesenter i fjøset på Tingvoll gard. Mjølkeproduksjon skal over
i eit nytt fjøs, som er planlagt ferdigstilt i løpet av 2010.
Senteret bygger på kompetansen i Bioforsk Økologisk og skal lage
interessante kurs og arrangement. Bioforsk Økologisk har i dag vel 30
tilsette på Tingvoll.

Historisk stad
Tingvoll har synlege teikn på at det har vore ein samlingsstad så langt
tilbake som i steinalderen, det viser m.a. hellemåleria på
Honhammaren.
Tingvoll gard ligg nær både Tingvoll kyrkje (1180) og Tingvollen der
vikingane heldt ting. Dette har altså vore ein sentral stad, og skal bli
det igjen. Vi vil at dette skal bli eit senter for kunnskap og opplevingar,
der ein kan vandre mellom desse ulike opplevingane på stiar som
knyter det heile saman.

Med fortid inn i framtid
Utviklinga vi er inne i, med både klimakrise og finanskrise viser at det
er grunn til å stoppe opp og gjere endringar i måten vi lever på. Dette
ønskjer vi å ta fatt i gjennom å vise korleis ein kan drive matproduksjon
på ein god og berekraftig måte for jorda, samstundes som produkta
skal bli gode, delikate og smakfulle og ernæringsmessig vil gjere oss
godt.
Vi ønskjer å knyte fortid og notid saman. Solenergi er eit eksempel.
Mennesket har alltid drege nytte av sola. Vi vil vise korleis moderne
teknologi kan omforme solenergi og annan fornybar energi på ein
måte som passar det moderne mennesket.
Sist, men ikkje minst ønskjer vi at senteret kan vere ein stad der det
også er dyr og der dyrevelferd er i fokus.
Med vekt på økologi og biologi skal barn, unge og vaksne få leike og
lære. Du kan vere med i alt frå stell av dyr til å gjennomføre energieksperiment
eller studere marken i jorda. Visste du at marken kan bu i
same hol i over 14 år?
I

 
I den økologiske demonstrasjonshagen på Tingvoll gard møter du planter, små dyr og kanskje ein Admiral (sommerfugl).
 
   
_______________________________________________________
 
 

ÅRSMELDING 2006

BROSJYRER:
Sol og bioenergi senteret
Småsamfunnsastinga

 


 

Norsk senter for økologisk landbruk, Tingvoll Gard, 6630 Tingvoll
Tlf: 452 30 200, Faks: 71 53 44 05, E-post: norsok@norsok.no
Webansvarlig:Anita land
Copyright © NORSØK