Bilde Norsok

Nye stillingar ved NORSØK

- Norsk senter for økologisk landbruk, NORSØK, har hatt ei svært god utvikling etter at vi skilde lag med NIBIO, seier dagleg leiar Turid Strøm.

Prosjektinngangen har vore så god at vi no lyser ut fleire stillingar. I vår vart det tilsett to nye medarbeidarar, no treng vi ytterlegare to.

Med dette vil NORSØK komma opp i 19 tilsette.
– Det er utfordrande og spennande å leie eit senter i så god utvikling, seier Strøm. Ho legg vekt på at dette ikkje hadde gått om dei ikkje hadde medarbeidarar med stort engasjement og stor kompetanse.

Den eine stillinga som no er lyst ut er eit doktorgradsstipendiat innan næringsforsyning til planter i økologisk landbruk. Stipendiaten er tilknytt eit prosjekt som skal sjå på restråstoff frå havet som gjødsel i økologisk landbruk. Eit av spørsmåla i prosjektet er om fiskerestar og algerestar kan bli til fullgjødsel eigna for økologisk dyrking.

Eller lyser NORSØK ut ei stilling som rådgjevar og prosjektmedarbeidar innan fornybar energi.
Søknadsfristen for rådgjevarstillinga er 20. oktober, medan fristen for å søke på stipendiatstillinga er 10. november.